Bileta frå årets ritt er her

Fotograf Henrik Alpers har fanga både innsatsen, dramatikken og dei gode augneblikka frå årets Jotunheimen Rundt og Sognefjellsrittet. No er alle bileta publiserte og klare for nedlasting.

Årets ritt baud på det meste av vêr og utfordringar – frå kraftig vind og steikande sol til regntunge timar over fjellet. No kan du sjå attende på opplevinga gjennom bileta frå rittet.

Bileta er tekne av Henrik Alpers, tidlegare redaktør i sykkelmagasinet Landevei og ein fotograf med eit skarpt auge for sykkelopplevingar og menneska bak prestasjonane. Bileta kan fritt lastast ned og brukast til privat bruk, som å dele på soiale medium (husk å kreditere fotograf). Dersom du ønskjer å kjøpe bilete til trykk eller kommersiell bruk, kan du ta kontakt med Henrik Alpers på henrikalpers@gmail.com.

Takk til alle deltakarar, frivillige og samarbeidspartnarar som gjorde årets arrangement mogleg!

Trykk på bilete for større størrelse.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Kjøpe plass av en annen utøver?